Siste fra Instagram

lørdag 30. mars 2013

Bursdag! ....og ein nydelig gave!

 I dag er det min dag! Sola skinner, og min kjære har servert deilig frukost på senga. Livet er herlig!
Bilder fra vår felles 30 års dag. Ein kjempekoslig fest med gode venner!
 Bursdagsgava frå min kjære, er denne fine skjenken som står i hallen vår.
 Eg fant den på finn.no, og sa på spøk til min kjære mann at det hadde vert ei koslig bursdagsgave. Han kasta seg rundt etter dagvakt på søndag og kjørte ned til Tønsberg (10 timer kjøring ein vei) og henta den til meg! Eg har verdens snillaste og beste mann! Perfekt! ;)
Så no står skjenken midlertidig her i hallen vår, til eg har funnet ein betre plass til den. 
Her skinner sola, og vi alle har fri, så det er berre å nyte! 
Ønsker deg ein fiiiin dag!

Godklem fra

fredag 1. mars 2013

Hallo mars!

 Har gått rundt med ein herlig lykkefølelse i dag!
I går kveld fant eg fram dei rosa kjøkkentinga mine, og begynte så smått å fornye kjøkkenet med glade vår farger.
 Eg elsker pasteller.. spesielt rosa. Synest det er ein slik glad farge, som får fram smilet mitt og lykkefølelsen av å ønske våren velkommen!

 Kosekroken vår har også blitt meir vårlig.. mmmmm... eg liker det!
 Rosa tulipaner er noko av det flotteste eg veit, spesielt etter ein lang og kald vinter. 
 Og desse passa perfekt på kjøkkenet mitt!
Har du kjent vårfølelsen i dag?

God helg! 

Godklem fra

fredag 15. februar 2013

Vårlys i stua og nytt stuebord!


Hallo godt folk! Håper dere er godt i gang med helgetilværelsen, beina på bordet og chipsskåla i fanget... Velfortjent! 

Husker dere Riviera Maison stuebordet mitt? No er det trilla ut av stua vår, og blitt erstatta av eit kistebord som min kjære har laga til meg. OI! Så mykje oppbevaringsplass vi fekk! Det er deilig med eit stuebord som får stå i ro på ein stad, og som er enkeltere å bruke no når prinsen er så aktiv med bygging av duplo, puslespill og brettspill. 

Bordet er heimelaga og handmalt.. Kunne ikkje vert meir fornøgd! 
No gjenstår nokre beslag, viss eg berre finn dei rette. I mellomtida skal eg nyte det nye stuebordet mitt. Forandring fryder, spesielt om det er heimelaga! 

Kva synest du? 

GOD HELG TIL DEG OG DINE!

Godklem fra 

søndag 10. februar 2013

Ein perfekt morsdag!


Gratulere med dagen til alle flotte mammaer der ute! 
Her hos oss har vi hatt fest heile dagen!
Ein deilig start på dagen med vidunderlig frukost og dessert på senga! Og ikkje minst... fekk sove ekstra lenge! Mhmm.. tusen takk!
 Så tid for pakke og blomster... Sammen med det beste selskap, lille prins og kjære mannen min!
 Middagen tok vi utenfor i sola.
 Grilling av pølser sto på menyen. 
 Vi storkosa oss!
Kvelden vart avslutta hos mamma, der vi fekk deilige nybaka fastelavensboller.
Ein perfekt dag!

Tusen, tusen takk! 

Håper du har hatt ein fiin fiin dag du også! 

Og kjære bestemor i Lofoten, gratulere med dine 96 år i dag! Skulle så gjerne gitt deg ein vaaaarm klem...! 

Godklem fra

fredag 8. februar 2013

Ny helg! Ny kjøkkenbenk!

 Endelig...! 
No står den nye kjøkkenbenken vår ferdig på kjøkkenet vårt! 
 Den er akkurat slik den såg ut inn i tankane mine før min kjære og eg lagde den sammen. 
 Lille vennen er kjempeglad i kosebenken allerede. 
Tusen takk, kjære! Er kjempefornøgd og glad! 

Håper dere har det bra, tenker på dere! Ønsker dere alle ei fiiin helg! 
No skal lille prins og eg kose oss med frukost.

Nyt dagen!

Godklem fra

tirsdag 22. januar 2013

Hummingbirds!

Kaka består av tre ulike lag. Brownie, ostekake og på toppen bringebærkrem. Pynt tilslutt med friske bringebær! Lekkert lekkert!

Brownie
200 gram kokesjokolade
200 gram smør
250 gram melis
3 egg
110 gram kveitemjøl

Først smelter du sjokoladen i ein varmebestandig bolle, over kokende vann. Rør til du får ein glatt sjokoladeblanding.

Bland melis og smør sammen i kjøkkenmaskina, til det blir ei kremaktig masse. Tilsett eit egg om gangen, og rør godt mellom kvart egg. Tilsett så melet litt etter litt, og la det bli ei jevn blanding. Tilslutt tømmer du sjokoladen oppi, mens kjøkkenmaskina blander alt godt sammen.

Tøm blandinga i ei lita langpanne, og stryk brownieblandinga godt utover. Ostekakeblandinga skal tømmast opp på brownien.

Ostekake
400 gram naturell kremost
150 gram melis
½ ts vaniljeekstrakt (eller 1 ts vaniljesukker)
2 egg

Sett ovnen på 170 grader. Mens du venter på at ovnen skal bli varm, lager du klar ostekakeblandinga. Ha kremost, melis og vaniljeekstrakt/vaniljesukker i kjøkkenmaskina, og kjør på lav hastighet til du får ein jevn masse. Tilsett så eitt egg av gangen, og rør godt sammen til blandinga er jevn og kremaktig.

Fordel ostekakemassen forsiktig utover browniesblandinga.

Steikast midt i ovnen på 170 grader i ca 40 min, eller til ostekaka er fast å ta på, lys på midten, og svak gylden i kantene. Avkjøl kaka på rist. Sett kaka i kjøleskapet, tildekt, i minst to timer, og gjerne over natta.

Bringebærkrem
3 dl kremfløyte
100 fram melis
150 gram bringebær
ferske bringebær til pynt

Rør bærene sammen med melisen. Benytter du frosne bær, er det viktig at dei er opptint og at du har tømt av den meste av bringebærsafta. Pisk kremen så den blir fast, før du tilsetter bærblandinga. Pisk vidare til kremen blir fast, men ikkje stiv. Ha kaka over på eit brett eller fat. Fordel bringebærkrem over kaka. (Dette kan gjerast ei stund før servering) Rett før servering pynter du med friske bær. Del opp i små lekre posjonsstykker og server. 


 Kaka falt i smak hos min betre halvdel. Så er godt mulig at eg lager denne godbiten igjen!
Og med desse bildene og kakeoppskrifta vil eg ønske alle mine kjære lesarar
GODT NYTTÅR!!

Godklem fra

mandag 24. desember 2012

Eit juleeventyr fra Sthanstoppen ❤


 
 
 
 
Det var ein gang ein liten prins, frå kongeriket Sthanstoppen. Han stabba omkring mens han venta på julekvelden. Dagane fauk som små snøkrystaller, og prinsen dagdrømte om troll, små dansande alver og hobbitter som holdt til i Sthansskogen.
Det er nesten som historiene pappa leser til meg, tenkte gutten og krabba inn under senga, for å finne den store magiske eventyrboka, som hadde glidd ned fra kongens fang, i nokre søvnige sekund kvelden før. Med ivrige barnehender bladde prinsen fra side til side, for å sjå om han kunne finne eventyret om julekvelden. Han huska at dronninga sitt største ønske var ei kvit jul. Og det var nettopp dette prinsen ville gi henne. Men korleis kunne han lage ei kvit jul? Han titta lenge i boka, før han såg eit kjent bilde. Kongen hadde tidlegare kalt det snø, alt det kvite som låg så tungt og tett over eit lite hus djupt inne i skogen. Hadde ikkje han sett noko lignande tru…
Prinsen lista seg stille inn på kjøkkenet. Der lukta det ei blanding av nystekte julekaker og granbar. Han såg seg fort rundt, for å forsikre seg om at han var heilt aleine. Symaskina durte i veg, hørte han, så da var nok mamma opptatt med å lage noko hemmelig, som ho så fint kalla det. Det er nok julegave til meg det, tenkte prinsen lurt. Han visste godt at far hans var i langt inn i Sthanskogen for å hente ved. Han hadde nemlig sett kongen kle godt på seg, før han traske ut døra, med ei øks i eine handa. Storm hadde fulgt ivrig etter. Rask åpna prinsen den nederste kjøkkenskuffa. Med to sterke barnehender finn han akkurat det kvite han ser etter… og vips.. har han snudd mjølposen opp ned og det snør fint utover heile kjøkkengulvet til ho mor. Prinsen smiler lurt, og finner ein ny pose. Han lager hull i denne, mens han drar den etter seg inn i stova, der dronninga sitter å syr.
- Oi, seier mamma, kva gjer du på??
- Lager snø, svarer prinsen riktig så fornøgd, med eit stort smil. Lager snø til mamma. Kvit jul! Prinsen stopper litt opp, mens han skakker på hodet.. Mamma ser ikkje så fornøgd ut. Akkurat då kjem pappa og Storm inn døra med ein stor sekk ved.
- Har dere sett, seier pappa. Både prinsen og dronninga ser på kongen som står og kikker ut vinduet. Ute har det begynt å dale ørsmå snøkrystaller, tett i tett.. No må mamma smile, og pappa smiler tilbake. Den lille prinsen smiler bredt, mens han presser snuten mot vinduet og ser at heile kongsgården glitra. Så vart det kvit jul likevel.. 
❤  

Og kva passer betre enn at det akkurat no dalar ned vakre snøkrystaller utanfor vinduet vårt, akkurat på julafta...? 
Tusen tusen takk! Så fekk eg ønsket mitt oppfylt 

Ønsker deg og dine ei eventyrlig jul og eit herlig nyttår med store og små gleder!

Varme juleklemmer fra oss på Sthanstoppen 

torsdag 20. desember 2012

Jul på soverommet vårt ❤

 Her kjem nokre bilder fra soverommet vårt ❤
 Også det har fått ein smak av jul ❤
 Stjerner, kongler og røde detaljer hører jula til ❤
samt litt drivved og granbar...
Kva synest du? 
Ønsker alle kjære lesarar ei god førjulstid! Tenker på kvar og ein av dere! 

Varm juleklem fra

fredag 7. desember 2012

Jul i vårt hus ❤

No er det blitt desember, og her har vi pynta til jul. Juletreet er ikkje komt på plass enda, så legger ut to bilder fra lillejulafta i fjor. Håper bildene får deg i julestemning. 
Ønsker deg og dine ei god helg, og ikkje minst, ei god førjulstid!

Godklem fra