lørdag 12. desember 2009

Legger eit lite juleønske ned i julesokken din..



Her er julesokkene våre framme igjen. Mange av dere såg dei i fjor, då eg nettopp hadde gjort dei ferdig. No pynter dei opp det lekre skjermbrettet som vart med oss heim fra ein liten shoppingstur.


Skjermbrettet er nydelig med vakre utskjæringer, og så er det kvitt ;-) Dette skiller av soverommet vårt med ei pen stue.
Sammen med julesokkene henger det også englevinger, granbar, kongler, fattigmannsølv-hjerter og blonder..


Bak hjertet her kan du skimte bildekjedet som eg har brukt å henge opp alt dette lekre i. Kjedet er så flott med nydelige detaljer..



Her ser englevingene ut som snø.. Mitt juleønske er at snøen snart banker på hos oss.. Kanskje det kjem litt julesnø ned i julestrømpen din i natt, kjære du ;)

God førejulsklem fra


søndag 6. desember 2009

Julen er her.. snart!


Stjärnorna, fallar i natten nu,
himlarna sänker sig,
ner över jorden.
Och när stjärnans bloss,
tänder sitt ljus hos oss,
brinner en låga klar,
i hela norden.



Julen är här,
och lyser frid på jorden.
Glädjen är stor -
i ett barns klara ögon bor den.
Julen är här,
i våra mörka länder.
Kom låt oss ta varandras händer,
när julen är här.




Dei siste vekene, har symaskina nynna seg nærmare jul. Nesten kvar dag prøver eg å sette meg for å sy julepynt eller andre søte ting som eg treng...


Synest det er så koslig med ting ein lager sjølv. Gir ekstra glede, og eg kjenner at eg blir litt meir lykkelig ;-)



Desse søte juleklokkene lagde eg i går. Dei har fått plass i vinduet sammen med fattigmannsølvet no fram til jul. Vi nærmer oss den store dagen, da juleklokkene skal få kime..

Ei ny veke venter, og den håper eg blir fin for deke alle! Ta vare på kvarandre.

God Adventsklem fra


onsdag 2. desember 2009

Tenn eit lite lys..



I dag fekk eg knipsa nokre bilder av adventstaken min. I år har eg fylt opp ei sink skål med mose, kongler, perler og lys. Synest det vart pent sammen.. Er så fint å kunne bruke det ein finner ute i naturen. Spesielt no når det eigentlig skulle ha ligget mykje snø ute...



Her hos oss er det grønt og fint, mens litt snø pynter fjelltoppane våres...



Det er fint å vere ute, om ein husker lue, sjerf og hansker...

No skal eg straks legge meg ned og prøve å sove litt før eg skal på nattevakt. Det blir mi første nattevakt på 5 år. Har til no jobba ei veke i den nye jobben min. Trives godt, så langt :-) Mykje å sette seg inni, men slik er det nok alltid med ein ny arbeidsplass. Sender varme tankar til min gamle arbeidsplass, og håper alle har det fint :-) Håper også på å stikke innom snart!

Så da ønsker eg alle ein god kveld videre, og ikkje minst, sov godt! ;-)

God Adventsklem fra

lørdag 28. november 2009

Litt jul - allerede ;-)



God kveld i stua.

I dag har eg virkelig storkosa meg. Eg har alltid vert kjempeglad i å pynte og feire jul, så i dag benytta eg fridagen min til å finne fram pynten. Det tok ikkje lang tid før adventstakene fant vinduskarmen, sammen med heimelaga julepynt og fattigmannsølv. Her er eit lite bilde av julevinduene våres - utenfor...

Håper alle har det bra, og har tid til å kose seg med litt førjulspussel. Adventstida er ei flott tid til å vere kreativ på! Ønsker alle ein kjempefin kveld videre!


Godklem fra

onsdag 18. november 2009

Julebakst på sju timer



Her er resultatet av julekakene som vi baka i dag. På travle sju timar - vart desse tre julesortene ferdig..



Sjakkruter er alltid ein favoritt. Sjølv synest eg at den er ein av dei beste julekakene vi har..



Kransekakestenger er alltid godt. Spesielt når dei er duppa i deilig mørk sjokolade..



Tilslutt vart det laga karamellkaker som er min brors julekake nr 1. ;-) Takk for god hjelp, Karla ;-)

Så godt det er å vere i gang med julebaksten allerede ;-)
No skal desse kakene på glass og i bokser.

Kanskje eg skal nyte ei lita sjakkrute for å feire dagens "kamp" ;-) I morgen forsvinner forhåpentligvis kakekaloriene da mi kjære svigerinne og eg skal avgårde på saltime.. phu.. ;-)

Travelt med ferie.. hihi ;-)

Ha ein herlig kveld, kjære du :-)

Godklem fra


mandag 9. november 2009

Hønsenetting på hjernen ;-)


Foto av; Bordpynt laga av mose og hønsenetting. Har også brukt ei gammal rot med mose, steiner, blomster og lys. Det ligg eit lite mosehjerte i hønsenetting, vedsiden av kubbelyset.

Det er allerede mandagskveld, og frosten bankar på ruta mi... Det har vert ein heilt fantastisk dag ute. Vår første veke i Sogn har vert kjempeflott! Solskin kvar ein dag. Synd at det blir så fryktelig kaldt når sola går ned.. brr..

Denne veka har vi isolert og lagt panel i eit av romma på leiligheita vår. Føler at eg begynner å få tak på hammeren :-) I tillegg har eg med litt hjelp av min kjære og pappa - fått montert nytt kjøkken. Bilder kjem seinare når alt er komt på plass. Det gjenstår ein del endå, for ting tar tid, spesielt då min kjære jobber fullt i heimesjukepleien.. Så da styrer eg litt på eigenhand mellom slaga, og finne gjerne tid til å vere litt kreativ og.

I går på farsdagen, laga eg bordpynt ved hjelp av mose og hønsenetting. Astersen blomstrer endå, sammen med rosene. Eg lagde eit stort mosehjerte med hønsenetting rundt, som fekk pryde ytterdøra... Håper du hadde ein fin dag, pappa :-)


Foto av; Dørpynten til mamma og pappa, laga av mose og hønsenetting. Skilt fra kremmerhuset. Rosene til mamma blomster endå..

Ønsker alle ei herlig veke! Nyt den! ;-)

Godklem fra

tirsdag 3. november 2009

Det er alltid tungt å ta farvell...



På fredag var min siste dag i Åsane heimesjukepleie. Det var veldig tungt å ta farvell med både skjønne pasienter og herlige arbeidskollegaer..



Eg trur det er få arbeidsplasser som har eit sånt godt miljø som Åsane Vest! Mykje takka to supre gruppeleiarar, og ikkje minst ein herlig godt-blanda stå-på gjeng!




Då min kjære også har jobba på samme arbeidsplass, fekk vi dette skjønne hjerte-serviset i avsluttningsgave!



Sammen med søte te-hjerteklyper, og eit lite nydelig hjerte som pynt...



Desse skal vi bruke når vi sitter ute på altanen på seine sommerkvelder og tenker tilbake på ein herlig gjeng som deke! Tusen takk for at deke er så flotte mennesker! :)

Lykke til videre! Så sjåast vi nok igjen :)


Godklem fra

tirsdag 27. oktober 2009

Fridag = shopping ;-)



I går våkna eg til strålande sol! Det var så herlig, at det tok ikkje mange minutt før at eg var stått opp. Det er alltid godt å ligge litt ekstra når ein har ein fridag, men.. med eit slikt flott vær, måtte eg nesten utnytte dagen godt - og ikkje slumre den vekk..



Etter ein rask dusj og litt frukost, var eg og vannflaska mi, klar for litt shopping. No var det utrulig lenge siden eg hadde vert ute på Farmors hus, så dit gjekk turen først.. :-)



På butikken fant eg så mykje fint! Eg prøvde å ta meg sammen, så ikkje alt vart med meg heim.

(Du skjønner - på søndag tømte vi leiligheita vår for *alt - også vaskemaskin og kjøleskap*, så eigentlig hadde eg hatt plass til litt nytt...
Ja, eg veit. Neste helg må vi gi den fra oss, og da sliter eg litt.. Det er ikkje meir plass i den lille leiligheita vi skal flytte inn i.... Uff, kva skal eg då gjere med eit heilt parti med gamle møbler, som nettopp er bestilt?? Uansett.. tilbake til farmors hus...)

Så sto eg der da å veide kver ting, mens eg spørte meg sjølv
"Treng eg virkelig dette?", "Kan eg leve uten denne tingen?"




På slike spørsmål, er det krevande å vere ærlig med seg sjølv. Eg synest eg var kjempeflink som klarte å svare "rett" på det meste, og legge varene tilbake på hylla. Etter ein time gjennomgang av butikken, fant eg ut at kanskje det var på tide å reise videre.. ;)



Det som vart med meg heim var desse søte stjernene, eit flott lyshus og eit lite velkommenskilt. Dette flotte skjerfet har eg fått fra Silje som har vert i Afrika eit år. Tusen takk! Er blitt kjempeglad i det!

Ønsker dere alle ein flott dag!

Godklem fra



mandag 19. oktober 2009

Ei avsluttningsgave..



I vår satt arbeidsplassen min i gang med å fikse opp kontoret vårt. Kontoret hadde slik gusje-gul farge. Alle var lei fargen, og alle hulla i veggen. Ein liten effektiv gjeng tok malerpenselen fatt, og trylla fram eit flott, nytt kontor med lyse vegger og null-hull ;-)



Då nokre av mine arbeidskollegaer veit at eg maler - fekk eg spørsmål om å lage nokre maleri som kunne gi kontoret litt meir liv. Etter sommarferien, vart det min tur å ta penselen fatt. Det tar jo litt tid for å finne inspirasjon og faktisk få tid til å sette seg ned å male. Som dere fleste veit, har høsten vår, vert ganske travel..



På fredag - min kjære fridag - fekk eg pakka bildene inn, og kjørt bort til arbeidsplassen min, akkurat for å nå fredagskosen, godt planlagt, ikkje sant? ;-) Min kjære var då på jobb, og fekk hengt dei opp med ein gang. Så no pryder desse to maleriene det flotte lyse kontoret vårt.



Eg har berre to veker igjen på dette kontoret. Blir veldig trist å reise fra slike flinke og positive arbeidskollegaer, men håper å sjå dei/dere inni mellom likevel. Heldigvis er det ikkje SÅ langt mellom Bergen og Sogn :-)



No skal eg straks avgårde på seinvakt, så ønsker dere alle ein herlig dag! Nyt høsten!

God klem fra

mandag 28. september 2009

how many fingers are you?


Litt tidligere var eg innom ein scrappebutikk, papirgleder, ute på Sotra. Da fant eg slike kjempesøte stempler, med artige ord fra barnemunn. Desse kan vere ganske så inspirerande og skjønne! Eg falt virkelig for "how many fingers are you" ;)
I
dag feirer vi min kjære bror, Roger som er blitt 35! Og hans Karla som vart 30 for akkurat 14 dagar sidan. På Karla sin dag, dro Einar og eg heimover til Sogn for å overraske "bursdagsbarnet" og for å feire dagen med grilling ved sjøen. Det var ein perfekt siste sommerdag, før høsten tok overhand. I dag, kriger vinden ute og heile himmelen har tømt seg, fullstendig.. heldigvis går vi mot vår og sommer igjen.. ;) Det nytter i vertfall litt, med positiv tenking! ;)


Så kjære Roger-broren min! Gratulere med din store dag! Håper den blir fantastisk - tross vær og vind ;) Og gratulere kjære Karla med dagen som var! Den var kjempefin! Du er ei super og utrulig flott svigerinne og venninne ;) Vi gleder oss til å flytte heimover, så kan vi sjåast litt oftare enn no :)

Kjempebursdagsklem fra

mandag 21. september 2009

1-2-3.. Solgt! :-)


Min kjære mann har alltid vore flink til å overraske meg med små og store gaver i kvardagen. Desse vakre rosene fekk eg tidligere i høst. Synest dei var så nydelige...


Som andre interiørdamer her inne, har rosene fått pryde både ute og inne hos meg. Her står dei ute i høstsola, og strekk seg mot den lille varmen som er igjen..


Fortsatt står hagemøblene våre ute, men det er nok ikkje mange dagene no, før at vi må demontere desse og frakte dei heimover til Sogn...


Etter visninga på onsdag, vart leiligheita vår fort solgt. Eg trur nok at skuringa etter alle kunstens regler, gjorde susen. Her var det jammen meg ikkje mykje å sette fingeren på, heldigvis. Eg må innrømme at eg ikkje blir så overlykkelig over at ukjente kikker (les graver) inn i våres skuffer og skap, så.. eg trur både eg og min kjære overgjekk oss sjølv, til ein viss grad... sånn i tilfelle.. ;)



Då det straks midnatt, så da ønsker eg dere alle ei riktig god natt, og så stikker eg innom til dere i morgen! :-)

Nattaklem fra


lørdag 12. september 2009

Da er leiligheita vår på finn.no! :-)

Foto; fra finn.no

På torsdag hadde vi besøk av både takstmann og fotograf, noko som gjekk veldig greit. Dagen etter vart leiligheita vår lagt ut for salg. No venter vi spent fram til første visning som blir allerede på onsdag.. :)

Dere kan finne leiligheita vår *her* :)

Ønsker alle ei riktig god helg! :)

Godklem fra