Siste fra Instagram

onsdag 16. januar 2008

Ny hobby! Ehh.. ;-)

I dag har eg vore på ein sybutikk og faktisk kjøpt mitt første garn til MEG. Tideligere har eg alltid handla garn for andre, og da visste eg kva eg såg etter, eller.. eg trudde eg visste det, medan eg målte alle hyllene med augo mine og prøvde å finne det matchende navnet som sto på lappen min. Men i dag hadde eg ingen lapp, så etter ei stund (dvs godt over stengetid), fant eg endelig to ulike garntyper som falt i smak. Eg har nemlig bestemt meg for å prøve å strikke leggvarmere, sidan det var så vanskelig å finne dei "perfekte" her i Bergen. Så no er eg ganske spent på korleis dette vil gå, sidan eg ikkje har holdt i strikkepinner siden ein gang på barneskulen. Eg begynte så vidt i kveld med å lage masker og diverse, over webcamra-konferanse med min mor. Holdt på å slite ut alle hårene på hodet i frustrasjon! Etter fleire timer, så har eg fått laga mine første masker, så no gjenstår berre resten av strikkinga. Trur eg skal sove på det til i morgen. Treng nok meir energi!

2 kommentarer:

Unknown sa...

Du æ jammen døktig, Anja..... nett som eg skulle gjort det sjøl...hehe.. Tante.

Anja-Elin ♥ Vakre augeblikk sa...

hehe, takk for det. Er ferdig med det første paret, og første av andre paret ;) Dette går rette veien. Tusen takk for hjelpa! :) Kjempegodklem!