Siste fra Instagram

Viser innlegg med etiketten Bestemorsteppe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bestemorsteppe. Vis alle innlegg

lørdag 4. september 2010

Varme deilige soldagar...♥

Kan været virkelig bli betre...? Det er så varmt og deilig ute, at ein fort kan gløyme at det er høst..
På slike flotte dagar, er ein jo nødt til å plukke med seg ting ut...
...for å ta bilde.. hehe ;-)
Her har eg tatt bilde av ein vakker gammel koffert eg fant på eit loppis i sommer....
I kofferten ligg to puter eg har sydd, sammen med mitt nye bestemorsteppe...
Også ein tung femarma lysestake har fått bli med på turen ut i det fri...
Synest perler og blonder passer godt mot det røffe og slitte, slik som her...
Det flotte med ein koffert, er at ein også kan ha nytte av den...
...til oppbevaring, og til pynt... 
Skulle gjerne hatt fleire slike kofferter...
No skal eg ut igjen i sola, og nyte været! Ha ei herlig helg!

Godklem fra

1...2... 300 lapper..!

Sist søndag vart bestemorsteppet mitt endelig ferdig! Dette har eg hekla på i fleire år.. Eg gjorde ein feil i starten, og det var at eg valgte for tynn trå.. ;-)
Dette teppet har 300 små lapper, som er hekla sammen med fastmasker... Dette er med på å lage ei fin ramme rundt kver lapp...
Rundt teppet har eg hekla ein søt blondekant som avsluttning..
Teppet kan fint brukast til sommerduk som her.. eller som slumreteppe på ein sommerbenk.. ;) Vi nyter seinsommeren i fulle drag! Sola skinner og det finst ikkje ein sky på himmelen!
Nyt livet!

♥

Godklem fra

torsdag 26. august 2010

Evighetsteppets framgang...

Her kjem ein liten sniktitt av kor langt eg er komt med bestemorsteppet mitt...
Dette er eit skikkelig evighetsteppe, som har tatt fleire år...
No har eg begynt å hekle alle rutene sammen..
Målet mitt var 270 lapper, men trur eg skal lage tretti lapper til..
Då vil bestemorsteppet mitt ha dobbelt så mange lapper som Lofot-teppet mitt..
 På dette teppet har eg hekla lappene sammen, slik at det blir ei ramme rundt kvar lapp...
Denne ramma får du ved å hekle lappene sammen med tette fastmasker...
På baksida av teppet, heng det framleis trådar..
Trådane skal eg gøyme tilslutt...
Framleis er det mange lappar igjen..
Eg håper at det ikkje tar ei heil evigheit til, før eg blir ferdig med bestemorsteppet mitt.. ;-)

Ønsker alle ein herlig torsdag! 

Godklem fra

fredag 13. august 2010

Ein lykkelig slutt...

I vår fant eg ut at det er skummelt å la eit så stort bestemorsteppe ligge på vent.. Etter min hekle-pause på 6 månader, hadde garn-leverandøren bestemt seg for å slutte med akkurat mine fargar, og heller gi ut eit nytt fargekart. Dei fortalte meg at det ville bli svært vanskelig å finne meir garn i desse fargane, siden fargane hadde gått ut for mange månader sidan...
Eg bestemte meg for å ringe rundt til forhandlerene i Norge, for å høre. Etter mange telefonsamtaler, fekk eg tilslutt snakke med ei koslig dame fra Årdal, som kunne opplyse om at garnet mitt befant seg i indre Sogn! Gjett om eg vart glad! 
Eit par dagar seinare fekk eg ein pakke i posten med garn nok til heile teppet mitt! Så med stor pågangsmot fekk eg hekla ferdig 270 lapper og ikkje minst gøyme alle 10 trådane på kvar ein lapp.. Når dette var gjort, var motivasjonen til å fortsette litt meir dempa.. For alle desse utrulig mange lappane skulle også heklast sammen!
 No eit par månader seinare, er eg komt i gang med sammenheklinga. Er veldig spent på om eg må hekle nokre lapper til, og korleis teppet mitt blir sjåande ut til slutt! 

Tusen takk til deg i garnbutikken Huldrebui! 

Ønsker alle ei kjempefin helg! 
Godklem fra

fredag 26. mars 2010

Lapp på lapp på lapp...

For dere som lurer - så hekler eg fortsatt på mitt bestemorsteppe.. Som dere sikkert veit, gjorde eg ein ørliten feil i starten - eg valgte feil trå. Min plan var å hekle 130 lapper. Men etter at dei første små rutene vart til, fant eg fort ut at eg var nødt til å øke til 270 lapper for å få den rette størrelsen på lappeteppet mitt...
Desse bestemorsrutene har holdt seg i ro i mange månader, men no er heklenåla komt fram igjen, og ho svinger seg som aldri før. Teppet skal i boks, sjølv om det tar dager, veker og ja, månader før det kan bli ferdig.. Forhåpentligvis tar det ikkje fleire år, sjølv om eg vil påstå at teppet mitt er eit skikkelig evighetsteppe.. 
Eg skal vere så glad den dagen då alle desse små rutene er ferdige, alle tråder er gøymt, samt alle rutene er hekla sammen til eit flott og stort teppe.. Den dagen skal eg krype inn under teppet, og berre nyte kor deilig det er å endelig vere ferdig... Ja, det blir ein svært vakker dag!

♥

Ønsker alle ei kjempefin helg! God påske til alle dere som allerede får påskeferie fra i morgen av ;-) Nyt det!

Godklem fra

søndag 1. februar 2009

Allerede februar!

Det er jammen meg godt at vi går i mot lysare tider! Sjølv med influensa liggande rundt halsen, fekk eg endelig tatt steget med å skifte bloggadressa mi (men det veit du nok allerede, siden du er her). ;) Eg er ikkje så aktiv innom dere alle, då min kjære laptop er blitt ødelagt. I skrivande stund, har eg og min kjære mann, montert den stasjonære pcen min, inn i kleskapet vårt (greit å berre lukke igjen skapdørene, så er heile svære pcen vekke!). Så no blir det litt blogging i senga, kanskje like greit, siden formen min er så laber..
Då eg var heime i Sogn, gav mamma meg eit lynkurs i hekling. Hekling er noko eg aldri har lært meg. Huskar før då eg var lita, at eg var ofte oppom nabokona heime, som var ein skikkelig kløpper på å hekle. Ho hekla ALT ho kom over, og prøve forgjeves å lære meg heklekunsten, men den gang ei. Hekling var noko eg berre ikkje fekk til!

Men, så ein vakker dag, i forje veke, såg eg eit heilt nyydelig bestemorsteppe, og bestemte meg for at dette skulle eg lære! (ikkje noko starting med grytekluter, her i gården, nei!).
Neste gang eg drar heim, må eg lære meg å feste tråder.. og ikkje minst, feste lappene saman, men det kan ein kanskje vente med til sist?
***
Tusen takk for så fine tilbakemeldinger! Blir så glad av å høre fra deke alle sammen! Ønsker deke ein flott søndag videre og ei nydelig kommande veke! :)
Godklem fra Anja-Elin :)