Siste fra Instagram

Viser innlegg med etiketten LO. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten LO. Vis alle innlegg

lørdag 22. mars 2008

God påske!


Her er eit bilde eg har laga i dag tidelig. Det er frå dagen etter bryllupet vårt. I bryllupet vårt kunne gjestene skrive ned, kor dei trudde vi skulle på bryllupsreise, og legge forslaget i hatten til Einar. Her sitter eg å ser igjennom alle forslagene med mange interessante land. Dessverre sto det ikkje Malaysia på nokon lapp, så det vart ingen premie. Men tusen takk for mange gode reiseforslag, no kan vi jo berre trekke ein lapp kvert år, om vi ikkje veit kor vi kan dra ;) Alle lappene varer nok til vi er over 100! :P

Ellers så er det ein rolig og fredelig påskedag i dag. Sola stråler, og det var faktisk 6 minus i dag tidelig når Einar dro på jobb. Han skal dessverre jobbe heile påska, men er ferdig kl 3 om dagane, så det går fint. Eg jobba skjærtorsdag og langfredag, og skal ha fri desse tre andre helligdagane. Skal gjere godt. Er litt å gjer her heime, som alltid, likevel. Sender ein tanke og eit smil, og ikkje minst ein GODPÅSKEKLEM til alle sammen! :) Vi håper alle får ei herlig påske med masse sol og flotte minner :)

fredag 22. februar 2008

Eit smil te min kjære fantastiske mann!!


Ingen er så go og skjønn som du, kjære ;) Elska deg så høgt! *smaaask!*

fredag 15. februar 2008

Kjedelig å vere sjuk..

Det begynte allerede i går. Kjente at halsen begynte å bli vond, så heiv innpå med c vitaminer, men dessverre, i natt så vart det mykje verre og i dag har sofaen og senga vert min venn, eller uvenn alt etter som ein ser det. I kveld har eg i det minste fått gjort noko.. Fekk laga eit nytt bilde. Denne gangen av kusina mi Evy og tante Jofrid. Eit bilde som vart tatt på nyttårsafta.

lørdag 12. januar 2008

Ein liten tanke til min kjære bror, Roger!

Har fått laga eit bilde i kveld, mens Einar har kosa seg med ein alt for spennende film for meg. ;) Så da fant eg eit gammelt bilde som eg fekk lyst å "pynte" litt på :) Er vi ikkje utrulig søte? ;)