Siste fra Instagram

Viser innlegg med etiketten Inspirasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Inspirasjon. Vis alle innlegg

lørdag 26. mars 2011

Bli inspirert av vakre kjøkken!





















Eit lite hav av vakre kjøkken funnet på internett. Det finst så mange flotte kjøkken å velge mellom. I starten av husbygginga fekk vi eit tilbud på drømmekjøkkenet vårt, noko som runda 400 000,-! Liiiitt vel dyrt, kanskje..? Spesielt om ein skulle gå lei av kjøkkenet.. hehe. ;-) Kjøkkenet vårt er ca 27 m2, men siden vi har dører på alle fire vegger, får vi ikkje for mykje kjøkkenskap-plass. Her kan dere sjå korleis vi tenker at kanskje kjøkkenet vårt blir. Kjøkkenet har eg tegna i Google SketchUp. 


I dag er det blå himmel og varmt ute, så da blir det nok grilling på st.hanstoppen ;-) 
Ønsker alle ei nydelig vår-helg! Nyt ho! Det skal vi ;-)

Godklem fra


lørdag 26. februar 2011

No er taket og pipa straks på plass!

Nokre bilder fra huset. Bildene er tatt i forje veke, så taket er så og sei ferdig...

Trur vi mangler kun eit par takstein, som kjem på plass like etter helga..
Planen vår var å ta Zanda Protector koksgrått, men da det var så lang bestillingstid på denne, tok vi like godt svart..
Men det blir nok fint tilslutt likevel.. Må berre bli vandt med tanken ;-)

Når ein bygger hus, møter ein på massevis av utfordringer, og ikkje alltid blir det slik som planen var i starten..
 Det er vertfall ein ting som er sikkert, er at no veit vi utrulig mykje om hus og husbygging... ;-)
 I dag har min kjære og svigerfar fått murt opp pipa vår... Dei har gjort ein kjempeflott jobb! Svigerfar seier at det er den høgaste pipa han nokon gong har murt... ;-) Tusen takk for god hjelp!
Så no må vi finne drømme-peisen vår til stua... Er mange ulike peiser å velge mellom...
 Nordpeis har jo fleire flotte peiser. Blant anna desse her...
Den siste her er veldig koslig, men den passer nok betre på eit kjøkken?
Kanskje du har forslag til peis, eller har skrevet eit blogginnlegg om det? Kjempefint om du vil dele det med meg! 

Ønsker alle ei herlig helg videre (sjølv om tåka og regnet ligg lavt og tungt)! Etter regn kjem sola igjen! Velkommen til alle nye følgere! Kjempekoslig!! 

Godklem fra

søndag 18. juli 2010

Ein gammel krakk får eit nytt liv.. før/etter ;-)

Denne fortapte gamle krakken fant eg på gjenbruk i Bergen sist eg var innom byen. Den sto godt bortgøymt inni ein krok og venta på meg... ;-)
Eg tok den med meg heim, og malte den kvit. Så vart den så god som ny.
Krakken kjem til å brukast like mykje inne som ute, så derfor fekk den kvit utemaling, før den vart pynta med voksduk tilslutt...
Denne vakre sommerlige voksduken fra Au Maison har eg festa med møbelstifter på baksida..
No har ein gammel krakk fått eit nytt liv.. og eg har fått meg ein ny krakk ;-) (Eg trur idèen bak krakken er henta fra Tilda-bøkene, men eg husker å ha sett det inne hos Hulda også ;-)

Kanskje du også har ein gammel krakk, som trenger sårt ein liten oppussing? ;-)

Godklem fra