Siste fra Instagram

Viser innlegg sorter etter datoen for søket lofot-teppe. Sorter etter relevans Vis alle innlegg
Viser innlegg sorter etter datoen for søket lofot-teppe. Sorter etter relevans Vis alle innlegg

lørdag 31. juli 2010

Lofot-teppet mitt er ferdig ♥

I går vart Lofotteppet mitt ferdig...
Teppet består av tre fargar, koksgrått, kvitt og himmelblått...
Det består av 150 sirkler som eg har hekla sammen etter kvert..
Ytterst har teppet fått ein søt blondekant...
Synest det er så sommerlige fargar i dette teppet..
Teppet kan brukast til slumreteppe og til sengeteppe..
Det blir nok også brukt no i sommar på kjølige dagar...
Då eg har valgt tjukk garn i Lofot-teppet mitt, så er det også eit tungt teppe...
Det som var så kjekt med dette teppet, var at eg fort såg resultat...
Etter nokre få ruter, så var det allerede blitt eit lite teppe..
Så på 29 dagar har dette flotte teppet blitt til!
Den 1 juli kjøpte eg det første garnet i Lofoten..
...og 30 juli festa eg siste tråen her i Sogn...
Vart kjempefornøgd med teppet!
Etter å ha hekla første ruta i dette teppet, planla eg allerede eit nytt teppe..
Men det er ei anna historie... ;-)
Kva synest du om teppe mittt? 
Ønsker deg mange flotte sommardagar! ♥

Godklem fra

torsdag 15. juli 2010

Himmelblått Lofot-teppe

Etter eit par dagar i Lofoten kom eg over eit så vakkert og flott garn, som fekk det til å klø i hekle-fingrene mine...
Siden eg ikkje er ferdig med mitt forje teppe, prøvde eg å gå videre uten å begå eit stort garn-innkjøp på starten av ferieturen vår...
Dagen etter var eg nødt å reise tilbake til garnbutikken. Eg kjøpte ein bunt av kver farge for å sjå om fargane passa til teppe-mønstret eg hadde i bakhodet... Dette mønsteret er inspirert av Cosifantutta. Tusen takk!
Det er akkurat 2 veker siden i dag at eg begynte å hekle dette flotte Lofot-teppet. Då det har vore bilferie på oss, har det gått med nokre timar til å hekle mens min kjære har lagt mange mil bak oss. Berre på eit par dagar har eg nesten trakka ned garnbutikken i Lofoten, og ikkje minst, har eg besøkt alle garnbutikkene i Narvik, før vi vente snuten innover mot Sverige..
Til no har eg hekla sammen 63 ruter, mens eg har 24 ferdige ruter liggende å vente på tur...
Eg blir ikkje heilt enig med meg sjølv om kor stort dette Lofot-teppe skal få bli, siden teppet er svært tøyelig og tungt allerede...
Det er så kjekt å sjå teppe-resultat med ein gang, i stadenfor å hekle 270 lapper først, for så å montere dei sammen.. 
Då desse lappene er mykje større enn mine forje, trur eg det skal holde med 120 lapper...
Som dere ser, så gjenstår mykje av arbeidet. Eg har ikkje festa ein einaste tråd, fram til no..
Her kan dere sjå baksida av ein del av teppet mitt...
Når teppet er ferdig hekla, skal alle tråder festast og så skal heile teppet få ein søt kant rundt...

Det er kjekt å hekle dette flotte Lofot-teppet i desse lekre fargane, spesielt når sola skin og det er varmt og godt ute. Håper på mange slike sommardagar for deg og meg!

Godklem fra