Siste fra Instagram

fredag 11. januar 2008

Så var det helg...!

..og kor godt er ikkje det! No har vi akkurat komt i hus etter ein litt travel kveldshandletur i høljeregn. Fant ut i dag at arbeidsskoa mine var ødelagte, så da var det på jakt etter nye sko til både meg og Einar. Vi fant nokre gode sko, til halvpris!



I tillegg kjøpte vi nokre kurver (som godt kunne vert større ser eg), til å ha under benken på soverommet.


Til jul fekk vi ei lys-vekkerklokke av bestemor, så vi kan våkne til aukande lys og fuglekvitter. Ganske behagelig eigentlig. Betre å bli våken på den måten enn ved eit høgt skjærande vekkerklokkeskrik. I dag fant vi også eit lite nattbord som vi kan ha den på. Soverommet vårt er så lite, så nattbordene våre står i Indrefjord så lenge. Vi har dessverre ingen bod og sånt i leiligheita, så vi oppbevarer alt som vi ikkje får plass til, eller trenger akkurat no, heime i Sogn. Så det blir nokre turer heimover med ting og tang.


No i helga har vi fri, så vi skal kose oss her i leiligheita vår. Er så deilig å tenne så mange kubbelys som mulig no i mørketida, og slappe av under eit deilig, varmt pledd. I morgen skal vi innover til by’n, så det gler vi oss til. Håper alle får ei super helg :)

2 kommentarer:

Einar sa...

skoa gjorde jammen godt. I det været som vi har her i bergen, så gjer det seg med skikkelige vanntette sko ;) Så langt er eg fornøyd, men så er det fortsatt mykje uveir og regn som gjennstår. Håper vi kommer oss ut på mange gåturer framover no då :)

Anja-Elin ♥ Vakre augeblikk sa...

Ja, sku gjerne vert ute å gått litt i kveld, men da hadde vi nok drukna slik som da høljer ned i kveld! Trur ikkje vanntette sko hjelper oss da :P