Siste fra Instagram

søndag 16. mars 2008

Nokre flotte dagar!

I dag er det søndag, og det virker veldig stilt og rolig her denne morningen. Det er litt lettskya ute, og veldig kaldt. Vi ligger med åpent vindu, så vi får ein liten smak av dagen når vi våkner. Er snart på farten til å pakke i bilen, for å snu snuten vestover igjen. Drar nok direkte til Bergen i dag, så slipper vi faktisk *tre* ferjer. I mårra har vi ein fridag, og det skal gjere godt! Treng å slappe av litt etter all denne shoppinga :D
Ja, tilbake til fredagen. Da klokka paserte 16.40 kjørte vi inn til Stabekk. Har aldri sett SÅ små, flate rundkjøringer før. Dei må ha verdens minste! :D Her på Stabekk fant vi Bolina, som er ein interiørbutikk med masse fint. Etter å ha kika litt, dro vi videre til Skøyenåsen, som ligg på den andre sida av byen. Dermed måtte Einar kjøre igjennom heile Oslo, noko som gjekk som ein leik for han som er så flink å kjøre (med litt hjelp fra gps, så klart). Vi fant fram, uten problemer, og fekk henta vårt flotte frukostbord/brett hos ein kamerat, Einar, som hadde oppbevart det for oss. Kjempesnilt! Tusen takk! No gler eg meg til å få frukost på senga ;) Så bar turen videre til min mors tante, Unni. Her skulle vi tilbringe helga, og vart møtt med smil og deeeilig mat! Gjett om det gjorde godt etter langturen vi hadde hatt. Kvelden kom fort, og vi storkosa oss sammen. Dagen etter sto shopping først på lista. Vi våkna til strålande sol og blå himmel. Det virka som om heile Oslo var våken, og hadde samme plan som oss, då det var så masse liv rundt oss i gatene. Vi tok bussen nokre kvartal, før vi bestemte oss for å gå av. Det vi ikkje visste var at butikken som vi skulle til, låg fortsatt nesten like langt unna. Siden været var så flott, la vi i vei mot målet (godt med gps då!). Da vi endelig fant første butikken, Chicas og venner, fant vi også masse flott! Eg fant ein kjempeflott puff/benk som eg kunne tenke meg, men Einar var ikkje heilt enig og ville heller lage ein flottere puff/benk til meg. (Så no går eg berre å venter.. hehe, neida). Så var vi i farten igjen og fant butikken Shabby som låg bak slotten. Her var også masse flott. Dessverre (eller kanskje heldigvis) sto bilen til Einar utenfor huset til Unni, så vi kunne ikkje ta med oss så STORE eller mange varer, då vi endå ikkje var komt halvveis. Vi rusla litt videre (nokre kvartaler lengre nede) fant vi både Trier bak slottet og Kathrines quiltestue. På quiltestua flaug penga som fugla. :P Eg fant nemlig kjempeflott stoff til å lage eit koselappeteppe og nokre puter. Og sidan eg skulle begynne med lappeteknikk og div, måtte eg jo også ha alt av utstyr. Det sørga Einar for. Han fant fram slik pizzahjul og skjæreplater, linjaler og div. Det vart eit litt dyrt stopp. Men med posene fulle fant vi siste butikken som låg inne på gps'en vår, Carpe Diem. Den var litt i minste laget, så eg var glad for at vi ikkje hadde kryssa heile byen for den butikken. Den låg ganske nært dei andre to. Vi bestemte oss for å ta bussen tilbake for å bli kvitt bæreposene. Etter det dro vi på kino og såg ein eventyrfilm, Spiderwick krønikerene, som var ein bra film( ja, det har gått ein del i eventyrsjanger i det siste). Vi storkosa oss, hand i hand, i Oslo. Og vandra rundt i gatene for å kike litt. Eg såg ingen kjendisar, men Einar såg mange. Eg hadde vel nok med å sjå på min kjære ;) Etter at vi spiste deilig mat ute, dro vi tilbake til leiligheita og kosa oss med snop og div. Var trøtte og slitne etter ein travel, men koslig dag. Tida går så fort her i Oslo, best å reise tilbake før vi blir for gamle ;) Men no er det tid for å pakke i bilen, så da seier vi TUSEN TAKK UNNI, for ei kjempeflott helg!! Så ønsker vi alle sammen ein kjempeflott dag! :)

Ingen kommentarer: