Siste fra Instagram

mandag 17. mars 2008

Då er vi komt heim igjen!



I går starta vi frå Oslo klokka 11.00 presis, og trudde vi ville vere framme rundt 7 om kvelden, men den gang ei. Ut frå Oslo gjekk turen strålande. Sola svei bilen, så Einar måtte ha eit stopp etter 30 min for å vaske/avkjøle den litt (Vi kunne faktisk ikkje sjå skilta pga alt støvet fra Oslo). Etter vårt lille stopp (som faktisk kun kosta 20 kr, selv-vaske-ting), kjørte vi vidare mot Geilo. Veien over fjellet var fæl for ein liten yaris med piggfri, så vi humpa oss ned, så forsikig vi kunne. Nede i Geilo kjørte vi feil, eller det vil sei at gps'en viste oss ein annar veg enn vi hadde tenkt oss, så derfrå kjørte vi mot Eidfjord. Vi kjente oss ikkje igjen, og skjønte ikkje kvifor gps'en allerede ville ha oss opp att på fjellet, når vi var heilt slitne etter forje tur. Etter å ha snekkjørt i utrulig dårlig sikt, med nødblink og alt, kontakta vi 175 som ba oss om å ta ein annar veg, for så å stenge fjellet. Vi kravla oss tilbake til Geilo på 4 hjul, og hadde dessverre allerede mista godt over ein time. Med eit lite matstopp og litt påfylling av diesel, valgte vi ein annar veg frå Geilo. No skulle vi prøve Aurland. Vår dårlige sikt vart berre verre dess høgare opp i fjella vi kom. Tilslutt vart det så ille at vi faktisk nesten ikkje såg ei heil bilkolonne framfor oss som var (nesten) nedsnødd. Vi stilte oss i køen, og mens Einar sloss med isen som ville fryse fast vindusviskerene hans, så satt eg og såg at klokka snegla seg frå minutter til timer.. Vi hadde no mista 3 timer. Det einaste vi begge ønskte var å få kjøre videre. (Om vi då hadde visst kor dårligere sikta skulle bli, og all den isen vi skulle skli på, så hadde vi nok heller sett oss etter ei hytta som vi såg meir enn berre tak på.. no var det blitt så mørkt at vi hadde vel ikkje sett taket ein gang.). Etter mykje om og men, kom endelig plogen som skulle kjøre fremst. Nødblikken var på att, før vi alle kjørte etter han i 12 km/t. Eg trudde vi aldri skulle komme fram. Etter all den treige fjellkjøringa mista vi endå fleire timar, og vi kjente timane spesielt i augene, nakken, ryggen og rompa. Einar kjente det også i beina, noko som er veldig forståelig sidan han heile tida sto på bremsa. Etter at vi hadde komt fra fjellet og brøytekantane ikkje var dobbelte av vår yaris, så kunne endelig Einar få trykke litt på gassen igjen. Trøtte og slitne kom vi fram i Bergen kl 23. Akkurat 12 timar sidan vi hadde satt oss inn i bilen. GJETT om det var godt å legge seg!!! Og ikkje minst ha fri i dag, så vi kunne sove så lenge vi berre orka :P Vi var ein tur inne i sentrum i dag for å hente brudebildene, men var ikkje fornøgd med resultatet, så dei skulle fikse litt på dei igjen. Fekk dei ikkje med heim i dag, så håper min kjære Einar kan hente dei etter jobb i mårra. Har så lyst å få dei opp på veggane her. Er så tomt over tv'en. Vi får sjå. :) Vi har vertfall fått opp den flotte lysekrona som vi kjøpte sist veke. Den er skikkelig flott!! Er så fornøgd! :) Her er også bilder av frukostbordet og stoffene eg kjøpte som eg skal lage lappeteppe av og puter. Gler meg til å starte! :)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja det var litt av ein tur.Kjempeglad for at de kom deke velberga heim att.Denne turen vil de vel ikkje gløyme so fort.Vil og ynskje deke ei god påskehelg!Ville gjerne at de skulle vore her med oss, men det er ikkje so godt, nokon må jo jobbe og.Denne gangen vart det deke.Men ha ein fin påske allikevel.Klem fra oss to.

Anja-Elin ♥ Vakre augeblikk sa...

Ja, er kjempeglad sjølv. Hehe :) Blir nok ei stund til neste gang, men må vel prøve på ein oslotur til sommeren igjen, så vi får med oss Roger :P Han lurte jo seg unna dinna gangen. Hmfs! :P
Godpåske :) godklem :)