Siste fra Instagram

fredag 9. mai 2008

Ein fantastisk fløyen-dag!

Vi har hatt nokre fantastiske dagar her i Bergen. Eg har vert så heldig å kunne hatt Einar her desse to vekene, då han fekk litt fri frå skulen i Førde. Han holder på med ein prosjekteksamen no, der han snart skal ut i prosjektpraksis på asylmottaket i florø, sammen med gruppa si. Det blir nok spennende, men sikkert travelt. Mykje å lære, og mykje å skrive. Han er allerede ferdig med dei to eksamener sidan han begynte. Begge gjekk strålande! Er så glad :) Snart gjenstår kun det siste året, noko som vil gå ganske fort!
Så no når Einar har vert her i Bergen, har han prøvd å jobbe ein del. Vi begge skal jobbe heile pinsa, då dette er vår arbeidshelg. Blir ei travel pinse, men greit med litt ekstra penger. Vi skal heller ta det igjen neste helg! Gler oss stort! På tirsdag dro vi ut til Sandsli og bestilte oss kajakker! Så neste veke kan vi hente dei, så 17 mai ligg nok vi begge midtfjords i sola, forhåpentligvis :) Blir kjempedeilig å kunne padle! Vi skal ha dei liggande heime i Sogn, så no blir det nok nokre turar dit for å padle. Er veldig lenge siden eg har vore heime (er vel blitt fleire mnd sidan gitt..) Tida går så fort no når Einar er student igjen, og han pendler hit til Bergen kver helg. Godt å få sjå han i helgene. Blir fort tomt her når eg er utan han. Så i går og i dag har vi berre kosa oss, då vi har hatt to dagar fri. I går prøvde vi oss på squash. Einar har ikkje prøvd det før, mens eg hadde mi første squash-trening på søndag, samman med Heidi frå jobben. Kjempeartig!! Etter søndagstreninga var eg så støl og ømm i kroppen, fleire dagar etterpå, mens treninga i går gjekk kjempefint. Har vert ganske gangbar i dag ivertfall :D I går kjøpte vi oss også 4 kurvstoler som vi kan bruke ute. No når det er så herlig vær, er det fint å kunne sitte utanfor her og slappe av med litt is og jordbær ;) Godt med deilige, late dagar inni mellom! I dag bestemte vi oss for å ta fløybana og oppdage fløyen for første gang. Så med fullpakka sekk med kvikklunsj, appelsin, vatn, kjeks og bollar, la vi på veg, med kver vårt kamera. Tok mange flotte bilder! Vi hadde ein fantastisk dag der oppe. Sjølv om det var turister i hopetal, så klarte vi å finne vår eigen lille stad, som vi nøyt i sola. Då solkrem ikkje var på menyen, så har vi begge fått litt farge i dag, sjølv om fargen er mest rød og ikkje brun :D

Ingen kommentarer: