Siste fra Instagram

lørdag 31. mai 2008

Ei travel helg..

Her i Bergen er alt som før, til og med været er fantastisk!! I kveld er det vel første tida på mange veker at det er overskya og litt kaldere ute. Men utrulig deilig likevel, då det har vert så varmt over så lang tid. Denne helga er travel, men springe-seinvakter og forlitetid-tidligvakter. Hehe. Kanskje det er berre varmen som slår oss litt ut, så vi blir treigare i bevegelsene :P Uansett, så har vi siste dagvakta i mårra. I dag så jobba eg tidelig, mens Einar er på jobb no. Får dessverre ikkje sjå han noko særlig denne helga, då vi jobber så mykje, men det er vi nødt til å ta igjen neste helg. Heldigvis er han snart ferdig i Førde med 2 året. Siste året er det berre snakk om nokre veker med teori, så han blir nok verande der då og, men tar all praksisen her i Bergen. Det blir koslig :) Han skal ha eine praksisperioden sin borte på arbeidsplassen min. Blir sikkert kjekt. Blir uansett godt å ha han her i Bergen igjen! Gleder meg til det! No har han hatt to veker i Florø i prosjektpraksis på asylmottaket der, trur han likte seg, men er sikkert godt å bli ferdig med all den Førde-Florø-pendlinga i tillegg til Bergen pendling. Forje helg dro Einar heimover til Loen for å helse på svigers som er komt heim fra Spania igjen, samt resten av gjengen i lodalen. Yngste søstra hans, Janne og familien, har flytta inn til lodalen for ei periode. Sikkert fint for både Kristoffer og Henriette å ha god plass å leike på der. Sikkert kjekt med både pus og gjeiter og alt. Snart drar dei vel opp store ørreter frå vatnet ;) Medan Einar var der, tok eg bussen heimover til mamma og pappa. Eg fekk rydda ein del i gamle saker, ikkje minst kasta 11 store bossekker og anna dill, samt gitt vekk fleire bossekker med klær og ting som kan brukast. Inn i mellom var det berre deeeilig å ligge ute i sola og høre fuglane kvitre, medan sjølukta kitla i nasa. Med litt frosen smoothie og sol, sol, sol, var helga perfekt, utenom at eg savna min kjære mann heile tida. Har aldri vert uten han så lenge som 10 daga, så det var jammen meg godt å sjå han på torsdag! Og skjønne karen min er så romantisk og herlig, at han dukker opp med NYDELIG blomsterbukett, for *ingenting* ;) Tusen takk, kjære! *smask* Love ya!

No sitter vi litt å kiker på både bil og leiligheit. Bilen som eg har, er nesten like gammel som meg, så eg trur det er på tide å få ein litt betre bil siden det blir mykje kjøring både til jobb og trening. I tillegg tenker vi på å kjøpe oss ei leiligheit, men har ikkje funnet den rette endå. Haster ikkje, men det hadde vert greit å fått noko for oss sjølv, og ikkje minst noko større som har bod og div. Her blir det ofte litt for lite plass, og mykje av sakene våre må vere i Indrefjord. Så det blir ei spennende tid framfor for å sjå kor vi finn oss eit sted å bu :)

Ingen kommentarer: