Siste fra Instagram

fredag 4. juli 2008

Bloggen har fått sommerfarger! :)

No har eg endelig tatt helg. Einar skal jobbe heile helga, mens eg skal pakke saker og ting. Det er berre ei lita veke igjen no, før vi begynner flyttinga. Så det blir nokre travle veker framfor oss. Men vi gler oss! Skal prøve å få eit meir system på tinga i helga, då eg får ei stund aleine kver dag.

Foto: Funnet på internett
Eit bilde til inspirasjon. Då dette er vel meir eit julebilde, så er det uansett eit nydelig skap. Vi er på utkikk etter nokre slike gamle skap til å ha på badet og på gjesterommet. Har ikkje funnet det perfekte endå, men er stadig på utkikk. Veit om fleire som reiser på loppemarket og finner flotte skap som dei pusser opp sjølv. Kanskje eg heller skulle leita etter loppemarket enn interiørbutikker.. hehe ;)
I dag kom forresten mamma og pappa heim fra Lofoten. Trur dei har hatt ein fantastisk flott tur! Men etter så lang kjøring, trur eg at dei begge sover godt i natt, sjølv i denne tropenattvarmen. Dei siste nettene har ingen av oss fått sove, då leiligheita her har vore oppi 28 grader inne, om natta. Så blir godt å kunne slappe av litt i helga og ta igjen litt søvn.

Ingen kommentarer: