Siste fra Instagram

mandag 21. juli 2008

I dag er det min første feriedag! :)

Etter ei travel helg med jobbing, våkna eg til min første feriedag i dag! Og jammen var det ikkje sol i dag etter mange dager med regn! Dette lova godt for ferien min! Skal gjere godt for ein sliten kropp, med 4 veker ferie. Noko av det første eg måtte gjere når eg våkna, var å ringe kiropraktoren min, siden ryggen verka slik etter arbeidshelga. Så mitt første stopp no etterpå, er å ta ein tur innom og få litt behandling. Håper det hjelper så pass at det åpner låsninga som sitte i ryggen!
Einar har ei veke igjen før han får ferie også. Trur han ser fram til litt fri. Har vore travelt i det siste. Både heime og på jobb. Og då eg har vore sjuk siste veke, så har han måtte jobbe litt ekstra her heime. No har vi fått det utrulig koslig og flott, sjølv om det er ein del ting som gjenstår endå. Men det kjem etter kvert! :)
Så no får eg berre ønske alle andre GOD FERIE! :)

Ingen kommentarer: