Siste fra Instagram

tirsdag 1. juli 2008

Shopping på menyen ;)

No tråler eg alt av interessante nettbutikker og interiørbutikker, og har laga ei liste over ting som vi berre MÅ ha. Som Einar veit, *elsker* eg lister, og da er jo det beste berre å kunne krysse vekk nye ting, så lista blir mindre og mindre, og ikkje minst plassen her inne blir også mindre og mindre. Vi har bestemt oss for ei "daybed" i kvit metal fra Oslo. Så no prøver vi å planlegge ein rask Oslotur om ikkje så alt for lenge, for å hente div saker og ting som vi har funnet til leiligheita. Som dere sikkert skjønner gleder vi oss stort til å kunne flytte inn. I dag har vi vert på skikkelig rundtur. Vi starta shopperunden på AC Home, før vi dro videre til Anns Interiør. Då vi har fått pengegåve frå bestemor i Stamsund, fant vi ei nydelig kvit enkel lysekrone for levande lys, som vi skal ha på det nye soverommet. Tusen takk for kjempefin lysekrone, bestemor! :) Då lysekrona er nedpakka, får eg ikkje lagt ut noko bilde av den i kveld, men skal fikse eit bilde så fort vi har fått den på plass! Så bar turen videre til Sartorsenteret, Vestkanten og laksevåg senter tilslutt. Planen var også å få tid til Lagunen, men då vi begge var ganske så slitne etter masse trakking, fant vi ut at den turen skal vi ta litt seinare i veka, sammen med ein tur inne i sentrum. Er visst nokre flotte interiørbutikker der og, som vi ikkje kan gå glipp av! :) I morgen har eg fri, så da skal eg utforske ein butikk som eg fant no på nettet i kveld. Resten av dagen skal eg pakke videre og ikkje minst rydde og få litt system på alt vi har her no. Er litt stress å "bu" i esker og rot gitt. Glad for at det snart er berre ei veke igjen ;) I morgenkveld skal eg på squash med Hanne fra jobben. Så det blir jo spennende! ;)

Ingen kommentarer: