Siste fra Instagram

onsdag 25. juni 2008

Hektiske dagar framfor oss

I dag begynte eg å pakke. No er alle bøkene komt i kassar, samt dvdene og litt av klærene. Alle gardinene er blitt pakka ned for så å ta dei med til sogn for å vaske dei. Er litt betre tørkeplass der, enn her. Så allerede no begynner ting å virke litt tomt her og der, sjølv om det er vel så og sei begynt å bli rotete her hos oss. Har vert på shopping i dag, og fått tak i nye gardinstenger og endestykke fra Kid, og nye bokhyller fra Ikea. Kjøpte også slike kassettbokser for dvd og for blad, så det blir meir oversiktlig. Vi har også bestilt oss nytt spisebord, som vi gler oss å få på plass. Trur nok vi kjem til å få det riktig så koslig i den nye leiligheita, med gooood bodplass! :) I går fekk eg handla litt småting som feks plastkasser fra jysk. Glimrande kasser å pakke ting i. Då leiligheita ligge kun eit steinkast unna her vi bur fra før, så kan kassane brukast på nytt. Gjer heile pakkinga enklare, og ikkje minst at vi slippe all den utpakkinga og bosset som kjem av flytting. Snakka med meglaren igjen i dag, og har fått ein ny dato for overtakelse av leiligheit, den 11 juli. Det er ei dum helg, då vi skal ha arbeidshelg begge to, så håper på at datoen blir endå framskynda litt, så vi faktisk har tid til å sjå leiligheita ordentlig før vi skriv under. Tida går ivertfall veldig fort. Skal heimover ein tur igjen til helga, for å vere hundepasser og vatne litt blomster. Mamma og pappa koser seg i Lofoten, med fint vær og koslig selskap. Vi håper på ein Lofottur til neste sommer, etter ein liten utlandstur for feiring av 2 bryllupsdag og at Einar er ferdig student. Trur han gler seg til å slippe å tenke på skule, slik som i ferien. No blir det mykje jobbing, og ikkje minst mykje arbeid med flytting i tida framover, tenker eg. Vi begge gler oss stort til ferie i veke 31, den lengter vi etter.. :)

Ingen kommentarer: