Siste fra Instagram

lørdag 22. mars 2008

God påske!


Her er eit bilde eg har laga i dag tidelig. Det er frå dagen etter bryllupet vårt. I bryllupet vårt kunne gjestene skrive ned, kor dei trudde vi skulle på bryllupsreise, og legge forslaget i hatten til Einar. Her sitter eg å ser igjennom alle forslagene med mange interessante land. Dessverre sto det ikkje Malaysia på nokon lapp, så det vart ingen premie. Men tusen takk for mange gode reiseforslag, no kan vi jo berre trekke ein lapp kvert år, om vi ikkje veit kor vi kan dra ;) Alle lappene varer nok til vi er over 100! :P

Ellers så er det ein rolig og fredelig påskedag i dag. Sola stråler, og det var faktisk 6 minus i dag tidelig når Einar dro på jobb. Han skal dessverre jobbe heile påska, men er ferdig kl 3 om dagane, så det går fint. Eg jobba skjærtorsdag og langfredag, og skal ha fri desse tre andre helligdagane. Skal gjere godt. Er litt å gjer her heime, som alltid, likevel. Sender ein tanke og eit smil, og ikkje minst ein GODPÅSKEKLEM til alle sammen! :) Vi håper alle får ei herlig påske med masse sol og flotte minner :)

Ingen kommentarer: