Siste fra Instagram

mandag 28. januar 2008

Ein våt mandag..

I dag har det ikkje vert noko særlig til vær her i Bergen, så vi har fått gjort litt inne-aktiviteter, slik som å kose oss med god frukost, reise på treningssenteret og ikkje minst shoppe litt ;) Eg fant meg ei kjempe søt toalettveske på den andre sida av byen. Så no er eg snart klar til å kunne reise til Venezia.

Har ellers vert heime i dag, medan Einar dro på seinvakt. Har fått unna litt klevask og anna vask, medan eg venter på at min kjære mann skal komme heim, så vi kan ta oss ein kveldstur i regnet, før vi legger oss. Er så fint å gå på tur her på Hylkje. Vi stortrives her. :)

Ingen kommentarer: