Siste fra Instagram

onsdag 23. januar 2008

Sommaren er bestilt!

Då var ferieturen bestilt! Kom over nokre billetter til Venezia, så da håper eg vi får fri i rett ferieperiode. Vi gler oss skikkelig til ein romantisk ferietur i små gondoler og på koslige resturanter. Kom gjerne med tips om kva som er verdt å sjå i Venezia og rundtom. :)




I dag har vi vore ein snartur til Førde og fått unna litt småting. Det var ein svært våt tur, sidan det har regna slik, så no er eg glad for å vere i hus att. Har fått bestilt meg ny mobil i dag, så den kjem nok i posten om ei lita veke. Blir kjekt med noko nytt som virker. Mobilen som eg har no, har vore svært tullete i det siste. Han skrik meg i øret, når han føler at eg har snakka nok, og så slår han seg av når som helst. Skikkelig vrang! Trur han blir overlykkelig over å pensjonere seg om ei veke. Det blir forresten eg også. :)

Ingen kommentarer: