Siste fra Instagram

tirsdag 25. mars 2008

Dagens lo! :)

Jippi, i går fekk eg dagens lo :) Er inne på slik bilde-nettside med mange hundre andre, og der kan ein legge ut bildene som ein lager. Så kver dag blir det beste bildet, dagens :) Så eg er kjempeglad! Første gang :)

Her er bildet :



Dette er sangen som eg overraska min kjære med i kirka i bryllupet vårt. Ingen visste om at eg skulle synge noko, så eg gøymde teksten som eg sjølv har skrevet til melodien Tir na noir, i skoen min. Så når tida mi var komme til å synge, begynte eg å fikle i skoen for å finne teksten i tilfelle eg fekk hjernteppe.. Kjekt å overraske *alle* Sjølv om det var utrulig hardt å stå der framme og synge mens tårene sto i augo og ikkje minst høgt i halsen.. *smile*

Teksten:

Det er solglimt ute, sjøen leikar med sand.
Eg ser vinden ruske, bølge håret som vann.
Du er min, du kjære, vakre Einar, så kjekk.
Du er min, eg drømmer meg vekk.

Ref; Du er god, du er varm, så kjærlig og snill.
Du gjer livet så vakkert, og gjev mørket eit smil.
Eg veit at eg lever, når du no ber meg om,
om å bli hos deg for alltid.

Eg vil sjå deg lyse, inni mi hand,
når vi vandrar saman, over dal, fjell og strand.
Vi kan male framtid med fargar som skin.
Du er min, eg er berre din.

Blikket ditt styrkar, når vinter er land,
varmar meg då, fuller meg opp med sang.
Så mi sjel kan smile med solkjole på.
Dans rundt deg, det gjer eg på tå.

Sjå kor du er himmel, og eg er din sjø.
Vi speglar kvarandre, i fargane rød.
Eg er svak for deg kjære, men du styrkar meg no.
Vi er saman sterke, vi to.

Ref; Du er god, du er varm, så kjærlig og snill.
Du gjer livet så vakkert, og gjev mørket eit smil.
Eg veit at eg lever, når eg no svara ja,
for eg er din, din Anja-Elin

2 kommentarer:

Anonym sa...

Veldig fin tekst!

Anja-Elin ♥ Vakre augeblikk sa...

*kjempesmil* Tusen takk :)