Siste fra Instagram

mandag 9. juni 2008

Endelig har vi fått kajakkane våre! :)

Her kjem ei padlehelsing fra Indrefjord. På forje mandag fekk vi melding om at kajakkane hadde akkurat komt til Bergen. Etter mykje planlegging, (Einar var da akkurat komt tilbake til Førde, og eg skulle jobbe fram til torsdag), fant vi ut at det enklaste var at Einar kom til Bergen på torsdag etter eksamenjobbing, for å hente både meg og kajakkane. Samtidig plukka vi opp Evy og LinnK, som også skulle heimover til Sogn denne helga. Etter ein del køkjøring hadde vi fått kajakkane på taket, og vi snudde snuten heimover. Turen gjekk seint, då Einar heile tida må sjekke at kajakkane holdt seg på plass mens vi kjørte. Det fungerte eigentlig ganske fint, å ha to så lange kajakker liggande på taket på lille yarisen. Alt den bilen klarer! Etter ein lang varm dag med temperaturer opp mot 30 grader, sløkna vi fort når vi kom fram. Kajakkprøvinga måtte vente til fredagen. Medan Einar dro tilbake til Førde for å få med seg den siste skuledagen før ferie, gjorde eg unna ein del småplukk mens eg venta på at han skulle komme tilbake så vi kunne teste båtane våre. Da endelig tida var kommen, var det mykje styr og baksing før vi kom oss opp i kajakkane. Første biten gjekk det fint. Sjøen var rolig og vi måtte konsentrere oss ein del for å holde oss flytande. Etter kvert kom bølgene, og da vart det straks litt meir vanskelig. Før eg fekk snu meg, hørte eg eit plask, og der låg kajakken til Einar oppned, mens Einar kava mellom bølgene. Humøret var framleis på topp, men det vart eit styr med å få med seg både kajakk og padleårer og seg sjølv inn til land igjen, for å komme seg på nytt ombord. Dagen og kvelden gjekk fort, og vi begge hadde framleis mykje å lære. Lørdagsmorgen låg sjøen speilblank og venta på oss. Vi begge kasta i oss frukosten, før vi sprang ned til sjøen med kajakk og utstyret. I dag var det lettare å balansere oss oppi kajakken og holde balansen. Det var eit fantastisk vær, ingen vind, så vi tørte oss lengre ut på sjøen. Prøvde å holde oss tett med land, i tilfelle noko skulle skje. Vi padla utover mot Tommesneset og videre ut mot Holmen, les kjærleiksøya vår (der vi hadde bryllupsnatta vår). Vi padla rundt Holmen og fekk sjå eit voldtsomt fugleliv. Einar hadde lyst å gå i land, men då fjorden er ganske djup der ute, fant vi ut at det var best å vente litt til vi hadde blitt litt meir stødig i å komme oss ut av kajakken og ned i kajakken. Vi padla så tilbake til Nausta, for så å padle bortover Hamnen. På tilbakevegen var vi innom Osvika for å prate litt med badegjestene våre fra Bergen. Lasse og Peter August var ivrig etter å fiske krabber med fiskestang, mens Siv sto klar til å springe maraton om det skulle komme ei humle eller to. Dagen var nydelig, og eg kjente sola småbrenne skuldrene mine. Resten av helga gjekk fort. No sitter vi her, og er straks klare for å reise tilbake til Bergen. I morgen er det atter ein ny arbeidsdag, så da må kajakkane vente til vi kjem tilbake hit. Kanskje det blir tid til meir padling neste helg?


*Yaris med våre 2 Kajakker*


*Einar pakker ut den første kajakken*



*Einar og meg ute på vår første kajakktur*


*Dette var gøy, gøy, GØY!*

Ingen kommentarer: