Siste fra Instagram

onsdag 18. juni 2008

Vi har kjøpt oss leiligheit! :)

Åh, i går var det ein travel, travel dag. Dagen før, bestemte vi oss å reise på vår første visning, på ei leiligheit som ligg litt lengre opp og mot Åsane. Vi hadde aldri vert på visning før, så synest det var veldig spennende. Leiligheita er kun 2 år, og var lys og flott! Då det var fleire som kunne tenke seg den, måtte vi ha ei vill budrunde i gårkveld, men tilslutt vart den vår! No gler vi oss slik til å flytte inn. Om det var opp til meg, så hadde vi nok flytta inn i gårkveld. Men eg er glad vi ikkje kunne det, då vi begge var ganske utslitte etter "kampen". I dag får vi vite når vi kan flytte inn. No er det mykje som skal ordnast, så det blir spennende framover. I dag drar vi til Sogn å sjå etter Bonzo og vatne litt planter og sånn. Sist eg hørte fra mamma og hadde dei berre nokre 20-mil igjen før dei var i Lofoten. Er ein lang tur oppover. Håper dei koser seg. :)

2 kommentarer:

Havremunken sa...

Gratulerer så mye med leilighet! :)

Anja-Elin sa...

Tusen takk! :) No gler vi oss berre til å kunne flytte inn :) 14 juli skjer det store ;) hehe.
*stort smil*